Medlemskap

Prøv gratis først. Meld deg inn når du vil halde fram.

Nye utøvarar kan trene gratis frå oppstart i august og ut september. Innmelding skjer gjennom NIF si medlemsløysing.

Bli medlem
Utøvarar frå Bømlo Shotokan Karateklubb
Prøv roleg i starten av sesongen og bli med vidare når det kjennest rett.

Oppstart og innmelding

Klubben tek vanlegvis inn nye utøvarar i august og september. Kontakt styret eller snakk med trenar dersom du ønskjer å begynne utanom denne perioden.

Nedre aldersgrense er 8 år. Barn under 10 år må ha følge av foreldre eller annan vaksen på trening.

Treningsavgift

Vaksen1.570 krper halvår
Barn950 krper halvår
Medlemskontingent100 krper år
Forbund/forsikring570 krårleg i 2025

Treningsavgifta inkluderer treningsforsikring og forbundsavgift. Alle medlemmer registrerer seg via Min idrett/NIF.

Familierabatt og fritidskort

Frå og med tredje medlem i same husstand betaler ein ikkje medlemsavgift og trenar derfor gratis. For 2026 kan barn som fyller 11-15 år få dekka inntil 2.000 kr til faste organiserte aktivitetar gjennom Bømlo kommune.

Les om fritidskortet

Bli støttemedlem

Foreldre, besteforeldre og tidlegare medlemmer kan støtte klubben gjennom støttemedlemskap. Støttemedlemskap kostar 50 kroner per halvår.

Medlemmer og støttemedlemmer over 15 år med betalt kontingent seinast ein månad før årsmøtet har stemmerett på årsmøtet.